Nøytralitetsrapport 2023

Organisering av RK Nett AS

RK Nett AS er eit nettselskap med monopol på overføring av elektrisk energi innafor sitt konsesjonsområdet i Vinje kommune, Telemark. Selskapet er del av eit konsern og er dotterselskap av Rauland Kraftforsyningslag SA som er 100 % eigd av abonnentane i RK Nett AS.

Konsernet har verksemd innafor kraftomsetning og telekomnett gjennom Rauland Kraft AS og Rauland Fiber AS som også er dotterselskap av Rauland Kraftforsyningslag SA .

RK Nett AS har eigedel i Nettalliansen AS.

Krav til nøytralitet

RK Nett AS er underlagt kravet til nøytralitet i Forskrift om endring i forskrift om måling, avregning, fakturering av nettjenester og elektrisk energi, nettselskapets nøytralitet mv.

Som nettselskap skal RK Nett AS opptre nøytralt overfor kraftleverandørar og sluttbrukarar. Vi skal handtere informasjon på ein måte som gjer at kraftleverandørar eller andre som leverer tenester ikkje får noko konkurransefortrinn. Sluttbrukarar skal informerast om kva for kraftleverandørar som leverer kraft i deira nettområde og nettselskapet skal ikkje anbefale nokon kraftleverandør.

Personar som har fleire roller i konsernet

Rauland Kraftforsyningslag SA har 4 tilsette som leverer konserninterne tenester til dotterselskapa RK Nett AS, Rauland Fiber AS og Rauland Kraft AS.

  • Dagleg leiar.

  • Rekneskap og løn.

  • IKT tenester.

  • Sentralbord

Konsernet har felles dagleg leiar og felles styre.

Kundebehandling og sentralbordtenester blir utført av Rauland Kraftforsyningslag med tilgang i RK Nett sitt kundesystem.

Nøytraliteten mot systerselskapa er ivaretatt slik:

  • Rauland Kraft har sett bort all drift inklusive kundesystem til Notodden Energi AS, ingen tilsette.

  • Rauland Fiber har 2 montørar tilsett som handterer drift, vedlikehald og nybygging av fibernett. Kundane tilknytt fibernettet ligg i Telefiber AS.

Situasjonar der nøytralitet kan bli utfordra eller informasjon utnyttast i marknaden.

Kundar som tek kontakt med RK Nett AS med spørsmål om sitt kundeforhold blir behandla nøytralt i forhold til kraftleverandørar, el-installatørar eller andre aktuelle leverandørar. Kundedata som er nødvendig for kraftleverandørar er tilgjengeleg via Elhub og følger retningslinjer som er gjeve av Elhub.

Kundar av Rauland Kraft som kontaktar RK Nett blir bedt om å kontakte Rauland Kraft for svar på sine spørsmål. Ein ser det tek tid å lære opp kundane om endringa med dei splitting av Nett og Kraft som skjedde 01.01.2021.

Det kan vera ei utfordring der tilsette i morselskapet Rauland Kraftforsyningslag SA som har oppgåver innan økonomi og kundesystem i RK Nett AS. Det er gjevne klare retningslinjer korleis dei skal behandle nettselskapet sin nøytralitet. Dei skal ikkje gje Rauland Kraft AS eller andre kraftleverandørar nokon fortrinn ved at dei får opplysningar om kundar i nettselskapet.

RK Nett AS har eigen nettside og eigen logo som skil seg klart ut frå dei andre selskapa i konsernet.

Informasjonen på nettsida er kraftleverandørnøytral og har ingen funksjon knytt til bytte av kraftleverandør.

Opplæring og bevisstgjering

Nøytralitetsansvarleg har ansvaret for og kontrollerer at selskapet opptrer nøytralt.

Alle medarbeidarar er underlagt ein generell teieplikt og skal ikkje dele selskapsintern eller sensitiv informasjon utanfor selskapet.

Nøytralitetsansvarleg: Marianne Borgen Moe

Sal av tenester og beredskap

RK Nett utfører i dag nesten ingen tenester eksternt lengre, ein og anna spesialjobb kan bli utført der vår kompetanse eller utstyr er vanskeleg tilgjengeleg i nærområdet.

I mindre grad blir overskotskapasitet leigd ut til og kjøpt inn av Rauland Fiber.

RK Nett har eigen driftssentral og eigne tilsette som utgjer beredskapen. Delar av vaktberedskapen blir kjøpt inn.

Det er ingen felles driftssentral med andre selskap.

Aktivitet i 2022

Det er ikkje mottatt klager eller registrert avvik knytt til nøytralitet i 2022.


Nøytralitetsrapport 2022

Organisering av RK Nett AS

RK Nett AS er eit nettselskap med monopol på overføring av elektrisk energi innafor sitt konsesjonsområdet i Vinje kommune, Telemark. Selskapet er del av eit konsern og er dotterselskap av Rauland Kraftforsyningslag SA som er 100 % eigd av abonnentane i RK Nett AS.

Konsernet har verksemd innafor kraftomsetning og telekomnett gjennom Rauland Kraft AS og Rauland Fiber AS som også er dotterselskap av Rauland Kraftforsyningslag SA .

RK Nett AS har eigedel i Nettalliansen AS.

Krav til nøytralitet

RK Nett AS er underlagt kravet til nøytralitet i Forskrift om endring i forskrift om måling, avregning, fakturering av nettjenester og elektrisk energi, nettselskapets nøytralitet mv.

Som nettselskap skal RK Nett AS opptre nøytralt overfor kraftleverandørar og sluttbrukarar. Vi skal handtere informasjon på ein måte som gjer at kraftleverandørar eller andre som leverer tenester ikkje får noko konkurransefortrinn. Sluttbrukarar skal informerast om kva for kraftleverandørar som leverer kraft i deira nettområde og nettselskapet skal ikkje anbefale nokon kraftleverandør.

Personar som har fleire roller i konsernet

Rauland Kraftforsyningslag SA har 4 tilsette som leverer konserninterne tenester til dotterselskapa RK Nett AS, Rauland Fiber AS og Rauland Kraft AS.

  • Dagleg leiar.

  • Rekneskap og løn.

  • IKT tenester.

  • Sentralbord

Konsernet har felles dagleg leiar og felles styre.

Kundebehandling og sentralbordtenester blir utført av Rauland Kraftforsyningslag med tilgang i RK Nett sitt kundesystem.

Nøytraliteten mot systerselskapa er ivaretatt slik:

  • Rauland Kraft har sett bort all drift inklusive kundesystem til Notodden Energi AS, ingen tilsette.

  • Rauland Fiber har 2 montørar tilsett som handterer drift, vedlikehald og nybygging av fibernett. Kundane tilknytt fibernettet ligg i Telefiber AS.

Situasjonar der nøytralitet kan bli utfordra eller informasjon utnyttast i marknaden.

Kundar som tek kontakt med RK Nett AS med spørsmål om sitt kundeforhold blir behandla nøytralt i forhold til kraftleverandørar, el-installatørar eller andre aktuelle leverandørar. Kundedata som er nødvendig for kraftleverandørar er tilgjengeleg via Elhub og følger retningslinjer som er gjeve av Elhub.

Kundar av Rauland Kraft som kontaktar RK Nett blir bedt om å kontakte Rauland Kraft for svar på sine spørsmål. Ein ser det tek tid å lære opp kundane om endringa med dei splitting av Nett og Kraft som skjedde 01.01.2021.

Det kan vera ei utfordring der tilsette i morselskapet Rauland Kraftforsyningslag SA som har oppgåver innan økonomi og kundesystem i RK Nett AS. Det er gjevne klare retningslinjer korleis dei skal behandle nettselskapet sin nøytralitet. Dei skal ikkje gje Rauland Kraft AS eller andre kraftleverandørar nokon fortrinn ved at dei får opplysningar om kundar i nettselskapet.

RK Nett AS har eigen nettside: www.rauland-nett.no.

Informasjonen på nettsida er kraftleverandørnøytral og har ingen funksjon knytt til bytte av kraftleverandør.

Opplæring og bevisstgjering

Nøytralitetsansvarleg har ansvaret for og kontrollerer at selskapet opptrer nøytralt.

Alle medarbeidarar er underlagt ein generell teieplikt og skal ikkje dele selskapsintern eller sensitiv informasjon utanfor selskapet.

Nøytralitetsansvarleg: Marianne Borgen Moe

Sal av tenester og beredskap

RK Nett utfører i dag nesten ingen tenester eksternt lengre, ein og anna spesialjobb kan bli utført der vår kompetanse eller utstyr er vanskeleg tilgjengeleg i nærområdet.

I mindre grad blir overskotskapasitet leigd ut til og kjøpt inn av Rauland Fiber.

RK Nett har eigen driftssentral og eigne tilsette som utgjer beredskapen. Del av vaktberedskapen blir kjøpt inn av morselskapet Rauland Kraftforsyningslag SA då del av driftskompetansen ligg i morselskapet.

Det er ingen felles driftssentral med andre selskap.

Aktivitet i 2021

Det er ikkje mottatt klager eller registrert avvik knytt til nøytralitet i 2021.

Rauland Kraftforsyningslag SA vart omorganisert frå vertikalintegrert selskap til konsern 01.01.2021. då vart bilpark og arbeidsklede profilert om med RK Nett logo.