Nasjonal elsikkerhetsdag 15. oktober

Den 15.oktober er Den Nasjonale Elsikkerhetsdagen som har som mål å auke kjennskap og merksemd rundt elsikkerhet, og kva det betyr for å unngå brann.

Det Lokale Eltilsynet i RK Nett inviterar alle nettkundar til å gjennomføre ein enkel eigenkontroll av det elektriske anlegget heime og/eller på hytta. I kontrollen får du 9 spørsmål med tilhøyrande bilete eller videosnuttar som tek deg gjennom ein kontroll av sikringsskåp, varmtvasstank, elbilladar, varmeomnar, mm. og gjev deg tips på vegen.

Tysdag 15.okotber vil nettkundar med registrert telefonnummer hjå oss motta ein SMS med invitasjon til eigenkontrollen. Du kan utføre sjekken allereie i dag og heilt fram til 31. oktober.

Sjekk at din bustad er trygg og ta elsjekken her https://www.elsikkerhetsdagen.no

Premie: Gjennomfører du eigenkontrollen er du med i trekninga av eit gåvekort frå Rauland Fjellsport. Hugs å legg igjen kontaktinformasjon etter utført eigenkontroll.

Neste
Neste

Klage på navneendring førte fram